VALLE KOMMUNE 2015-2019 (under arbeid)

 

 "Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vera ordna og innretta slik at

dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid"

Arkivplanen sikrar at Valle kommune oppfyller sitt arkivansvar som nevnt over etter arkivlovas §6. Føremålet er å kvalitetssikre arkivfunksjonen i Valle kommune, samstundes som den gjev naudsynt kunnskap til den som i framtida skal bruke arkiva som historisk kildemateriale.
Arkivplanen skildrar arkivdanninga og arkivtilhøva i kommunen for ein særskilt periode. Den skal være toneangivande i høve alt arkivarbeid som gjerast i kommunen, deskriptivt i høve arkivstruktur og strategisk i høve framtidige utfordringar. Alle arkivmedarbeidarar og sakshandsamarar i Valle kommune pliktar å halde seg orientert om innhaldet i arkivplanen og handle i samsvar med dei retningslinene som planen gir.
Arkivplanen inneheld vedtak om delegering av arkivfullmakter, organisering av arkivtenesta og deponering for eldre og avslutta arkiv. Arkivplanen gjev og ei skildring av dei overordna retningslinene som gjeld for arkivordninga i kommunen, reglement og instruks for journalføring og arkivhandtering. Ikkje minst gjev arkivplanen oversikt over alle arkivdelar og arkivseriar som finst i Valle kommune sine arkiv. Arkivplanen skal reviderast kvar 4. år.

 

 VALLE KOMMUNE - glimt frå historia

 Setedal har ikkje vore så isolert og avstengd som ulike historiebøker og skrifter seier. Dei mange fornfunna av smykke og våpen syner at det har vore ganske aktiv kontakt med andre delar av landet og med kontinentet.
Valle har gjennom historien vore knytt til Aust- og Vestlandet gjennom to viktige ferdsleårer. Den eine var Skinnvegen, som gjekk frå Valle til Lysebotn. Herifrå måtte ein ro til Stavanger. Etter at kristendomen vart innførd, vart Setesdal liggjande under Stavanger-bispen, noko som førde til at bøndene måtte reise til Stavanger for å betale tiende til kyrkja. På den tida vart huder og skinn mykje nytta til betaling. Det har òg gjeve namn til vegen.
Ein annan fjellveg som har vore i bruk i fleire hundre år vert kalla Bispevegen. Han går frå Kleivgrend i Fyresdal til Tveitebø i Valle. Den siste bispen som for over fjellet på visitasreise var Jacob von der Lippe, biskop i Kristiansand 1841-66.
Vegen vart ikkje berre nytta av biskopar, her drog også pilegrimar, brurefylgje, handelsfolk og gjetarar. Hovudtrafikken gjekk nok likevel sørover, mot Kristiansand og Arendal. Heilt fram til "Postvegen" kom til Valle i 1844 gjekk ferda over kronglute heiar og fjell.