Utskriftsvennlig versjon

4.1 Avlevering til depot - Aust-Agder museum og arkiv AAma

Valle kommune er forplikta etter arkivlova til å ta vare på sine eldre og avslutta arkiv og halde dei tilgjengelege for innsyn i samtid og ettertid. Dette gjeld både papirbaserte og elektroniske arkiv.

Valle kommune har sidan 1.1.1995 vore medlem av Aust-Agder museum og arkiv (AAma), interkommunal arkivordning jfr. § 5-1 i arkivforskriften.

Sidan 1.5.2003 har kommunen nytta AAma som depotinstitusjon og avlevert eldre arkivmateriale fram til 1973.

Kommunen har framleis eigedomsretten til arkivmaterialet etter avlevering.

AAma har fylgjande oppgåver for Valle kommune:

  • ta imot avleveringar i høve instruks
  • vedlikehalde arkivkatalog i høve avleveringslistene
  • ordne arkivmateriale eldre enn 1950.
  • gje brukarar tilgong til kommunen sitt historiske arkiv i samsvar med dei reglar som er fastsette i denne planen, og gje rettleiing i høve til dette

Meir om avlering på AAma sine heimesider: Avlevering

Laster...