Utskriftsvennlig versjon

4.3 Avlevering av elektronisk arkiv

Arkivleiar har ansvar for all avlevering. Fagsystem som er NOARK-godkjent kan avleverast elektronisk.

Det bør takast uttrekk av elektronisk arkiv straks periodisering er fullført med ein toårig overlappingsperiode. Kopi av uttrekket skal deponerast så tidleg som mogleg, men kommunen beheld likevel arkivansvaret i 25 år. Etter det overtek AAMA ansvaret.

AAMA tilrår og at ein lagar prøveuttrekk før endeleg avlevering, både som ein test og som eit sikkerheitstiltak.

Den administrative eininga som har deponert elektronisk materiale kan ikkje slette dette frå sitt eige arkivsystem før endeleg avlevering er godkjent. Sjå AAMA retningslinjer for avlevering av elektronisk arkivmateriale.

Valle kommune skal avlevere uttrekk i løpet av 2017

Laster...