Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

3.3.1 Periodisering

Printer-ikon  Utskriftsvennlig versjon

Periodisering inneber at ein lager eit kontrollert tidsskilje i arkivet. Alle saker som er registrert i ein gjeven periode skiljast ut av det daglege aktive arkivet, og plasserast i eit bortsettingsarkiv eller ein historisk database som då er sperra for nye saker.

Når ein skal periodisere er det heilt vesentleg å vurdere bevaring/ kassasjon. Det er berre dei arkivverdige dokumenta som skal periodiserast. Dokument som kan kasserast etter eit gjeven periode, skal merkast slik at ein lett kan fjerne materialet når bevaringsperioden er over.

Arkivforskrifta § 3-12 tilrår at ein vanleg arkivperiode er på 4-5 år og fylgjer kalenderåret. I kommunal sektor er det høveleg at arkivperiodane er lik dei politiske valperiodane d.v.s. kvart fjerde år.

Før periodisering, må alle saker sluttførast. Papirbaserte arkiv krev skarpe periodeskille, medan ein i elektroniske arkiv har større høve til mjuke overgangar mellom periodane.

Etter periodisering skal arkivtilhøva vere slik at ein kan avlevere materialet til godkjent arkivdepot etter ein gjeven periode.