1 Organisering /Ansvar

 

"Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vera ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid"  arkivlova§ 6

 

Arkivplanen sikrar at Valle kommune oppfyller sitt arkivansvar som nevnt over etter arkivlova si §6. Føremålet er å kvalitetssikre arkivfunksjonen i Valle kommune, samstundes som den gjev naudsynt kunnskap til den som i framtida skal bruke arkiva som historisk kjeldemateriale.

Arkivplanen skildrar arkivdanninga og arkivtilhøva i kommunen for ein særskilt periode. Den skal være toneangivande i høve alt arkivarbeid som gjerast i kommunen, deskriptivt i høve arkivstruktur og strategisk i høve framtidige utfordringar. Alle arkivmedarbeidarar og sakshandsamarar i Valle kommune pliktar å halde seg orientert om innhaldet i arkivplanen og handle i samsvar med dei retningslinene som planen gir.

Arivplanen inneheld vedtak om delegering av arkivfullmakter, organisering av arkivtenesta og deponering for eldre og avslutta arkiv. Arkivplanen gjev og ei skildring av dei overordna retningslinene som gjeld for arkivordninga i kommunen, reglement og instruks for journalføring og arkivhandtering. Planen skal og gje ei oversikt over alle arkivdelar og arkivseriar som finst i Valle kommune sine arkiv. Arkivplanen skal revideras kvart 4. år.

 

Laster...